Lauvåsknuten
Lauvåsknuten er eit fjell (617 moh.) på heia nord-vest for garden Tveit i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Det går skogsbilveg innover mot fjellet frå Tveit. Vegen sluttar omlag 1,5 kilometer frå toppen. Frå toppen av Lauvåsheia kan ein sjå heilt til garden Flystveit i Åseral.