Torhild Sandnes

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. september 2010 kl. 19:23 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (utvida meir)
Hopp til navigering Hopp til søk

Torhild Sandnes (født 29. desember 1952) er fagansvarleg personal i Valle kommune. Ho er og teknikar i Valle Radio. Elles er ho engasjert i Valle Bygdekvinnelag, der ho har vore med i styret i fleire år. Der hadde ho ansvar for Bygdefolkets Studieforbund i Valle og organiserte kurs i alt frå språk og swing til matlaging og handarbeid. Utdanninga si har ho frå Høgskulen i Agder, der ho vart cand.mag. i offentleg økonomi og administrasjon.

Torhild Sandnes kom til Valle i 2000. Ho starta å jobbe i Valle i 1994 og var vekependlar frå Evje dei fyrste åra. Før det budde ho på Evje, men ho arbeidde i Risør som økonomikonsulent på sosialkontoret der eit år. Før det jobba ho på Høgskulen i Telemark, på natur og miljølinja. Ho bur no på Sandnes saman med mannen sin, Tor Moseid. Ein son, Tom Ståle Moseid, bur og på Sandnes og arbeider hos Hasla i Valle. Den andre sonen deira, Dag Yngvar Moseid, jobbar med IKT i Bykle kommune.