Agder fylkeskommune
Agder fylkeskommune er det regionale forvaltningsorganet som vert styrt av det folkevalde fylkestinget. Fylkesordførar er Arne Thomassen (H). Fylkesvaraordførar er Bjørn A. Ropstad (KrF).
Agder fylkeskommune har 3 000 tilsette med høg kompetanse. Arbeidsfelta er vidaregåande opplæring, samferdsel, kultur, næringsutvikling, folkehelse, tannhelse og ei rekke andre fagfelt.
Fylkeskommunen har mellom ansvar for:
- 18 vidaregåande skular med over 11 000 elevar
- 3 000 løpende lærekontrakter
- Fagskolen i Agder med nærare 500 studentar
- SMI-skulene i Kristiansand og Arendal (sosialmedisinske institusjonar)
- 28 tannklinikkar som tilbyd tannbehandling til barn, ungdom og vaksne
- 4 000 km fylkesveg inkludert gang- og sykkelveg
- kollektivtransport med 19 millionar årlege bussreiser i Agder
- eit totalbudsjett på om lag 5,5, mrd kroner
Agder fylkeskommune sin politiske og administrative leiing er samla i Kristiansand. I tillegg har fylkesadministrasjonen også avdelingar på Fløyheia i Arendal. Fylkeskommunen sine verksemder elles er lokalisert over heile fylket.