Austre Grunnevatn

Foto: Hallvard Eldhuset

Foto: Knut Eldhuset (1958)
Austre Grunnevatn er eit vatn som ligg på heia på vegen fra Åraksbø til Årdalen. Biletet til venstre viser Austre Grunnevatn sett fra Pilegrimnapen 866 moh. Årdalsvegen går på sørsida av vatnet lengst borte, men var ikke bygd då biletet blei teke. På nordsida av vatnet (nærast) er det eit lite vatn som heng i hop med Austre Grunnevatn. Dette blir kalla Kotekilen, men namnet står ikke på kartet. Vatna høgare i heia til høgre i biletet er Jotjørnin. Biletet til høgre viser Austre Grunnevatn sett austover mot Årdalen. Den vesle åsen i enden av vatnet heiter Napen. Det høge fjellet til venstre er Pilegrimnapen som står på kartet. Folk i Åraksbø seier også Pilegrimnuten.
Kjelder
- Opplysningar frå Knut Eldhuset (1958)