Kristin Brokke

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. oktober 2012 kl. 20:49 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Valle Radio)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristin Brokke

Kristin Brokke (født 1973 i Kristiansand) er miljøterapeut i Valle kommune. Ho bur i Brokke, er utdanna lærar og arbeidde som lærar nokre år på Hylestad skule før ho gjekk over i avdeling for habilitering. Kristin er gift med Tor Brokke, dei har to barn.

På fritida driv Kristin Brokke som kunstmålar, og 20. oktober 2012 hadde ho separatutstilling i Frikyrkja Valle. Tidlegare har ho vore med på Valleutstillinga (2001) og hatt utstilling på Frk. Larsen i Kristiansand. I starten arbeidde ho mest med figurative motiv, men etter kvart har det blitt meir abstrakte motiv i kunsten hennear. Ho har delteke på tre kurs ved Nydalen kunstskole i Oslo gjennom halvanna år. Det første kurset heitte «Finn din indre kreative stemme».

Kjelder