Hopp til innhald

Setesdalswiki:Ukens artikkel

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. oktober 2012 kl. 19:54 av Siri J (diskusjon | bidrag)


Logo

TV-aksjonen 2012 sundag 21. oktober 2012 var den 39. innsamlingsaksjonen i rekka og slagordet var «Stå opp mot urett». Arrangørar var NRK og Amnesty International Norge.
Desse resultata gav kommunane sine ordførarar sundag kveld:
Bygland kommune sitt resultat sundag kveld 19:30 var:

  • kr. 62.222 totalt, fordela over:
    • kr. 47.142 i bøssene
    • kr. 5.080 frå Bygland skule sitt matsal
    • kr. 10.000 i tilskot frå kommunen

Den «best fylde bøssa» hadde kr. 5.633, og om resultatet vert delt på antall innbyggjarar har kvar av dei 1212 gjeve kr. 51.34.

Evje og Hornnes kommune sitt resultat sundag kveld var:

  • omlag kr. 93.000 totalt, fordela over:
    • kr. 78.000 i bøssene
    • kr. 15.000 i tilskot frå kommunen

Den «best fylde bøssa» hadde omlag kr. 8.500, og om resultatet vert delt på antall innbyggjarar har kvar av dei 3511 gjeve kr. 26.49.

Valle kommune sitt resultat sundag kveld var:

  • omlag kr. 85.000 totalt, fordela over:
    • omlag kr. 45.000 i bøssene
    • kr. 20.000 i tilskot frå kommunen
    • omlag kr. 22.000 frå Valle skule sin bygdekveld 17. oktober 2012, og om resultatet vert delt på antall innbyggjarar har kvar av dei 1284 gjeve kr. 66.20.

I Valle har omlag 20 vore ute med bøssene, og innsatsen til elevane ved Setesdal folkehøgskule vart sett stor pris på.

Bykle kommune sitt resultat sundag kveld var:

  • kr. 129.310 totalt, av desse var 60.000 tilskot frå kommunen. Dette gjev eit resultat på 131,25 pr person. Ein liten nedgang frå i fjor. 22 Byklarar var ute med bøsser.

Totalen er på kr. 369.532. Dette gjev eit gjennomsnitt på kr. 53,12 for dei fire kommunane sine 6957 innbyggjarar.
Les meir...