Austenaa Transport
Austenaa Transport vart etablert i 1944 då Olav Austenaa starta firmaet med ein Oldsmobile lastebil. Sidan har bedrifta hatt bilar av merke Chevrolet, Bedford, Magirus og Volvo. Dei har opne og lukka bilar, kranbilar, kapellbil, flisbil og transporterer asfalt, flis, trelast, stein, grus, sand og jord. Olav Austenaa døydde i 1985, då overtok sonen Magne Øyvind Austenaa som dagleg leiar. Men frå 2017 er det Ole Jakob Austenaa som er ansvarleg for 11 tilsette. Selskapet har drive tømmerkjøring for Byglandsfjord Sag frå 1986.
Sverre Leif Lien og Øystein Rokoengen hadde kjørt for selskapet i over 30 år i 2018
Kjelder
- Om Austenaa Transport hos proff.no
- Om Austeaa Transport hos tungt.no
- Sigrid Åsen Haugsgjerd: Familiebedrift med lange tradisjonar. Artikkel i Setesdølen nr. 75, 2019 side 8