Topsæstemmen


Topsæstemmen var ein flotingsdam i søre enden av Topsæ i Bygland austhei. Ut av Topsæ renn Tovdalselva (Årdalsåna), som blei nytta til tømmerfloting i eldre tider. I dag er mykje av dammen rast ned. Ei hytte som fosskarane nytta under arbeidet står fortsatt på staden. I øvre venstre hjørne i det øvste biletet kan ein sjå der Ånund Eldhuset hogg tømmer i februar 2017. Bua i Løyningsli ligg noko utanfor biletet. På det nedste biletet ser ein restar av det dei kalla sleppebrua. Stemplankene blei sett mot stokkane som ligg under vatnet og mot sleppebrua. Mange av stemplankene låg framleis strødd nedover langs Årdalselva på 1970 talet. I 1972 var nokre så friske at dei blei nytta til raptar i eit lafta tilbygg i Løyningsli bua (Eldhuset bnr 5).
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 230