Bygland Bryggeri

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. desember 2018 kl. 20:35 av Torkjelaustad (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Bygland bryggeri logo.jpg
Logoen til Bygland Bryggeri er ein tradisjonell ølbolle med setesdalsfargane svart, grøn og raud.

Bygland Bryggeri vart etablert i 2017 av gründer og ølbryggjar Torkjel Austad, og er ei lita verksemd med forretningsadresse på Austad i Bygland. Dei bryggar øl på tradisjonelt vis, med mellom anna kveik (gardsgjær) og einerkvistar.

Ølsortane frå bryggeriet har namn på setesdalsmål, og boksane er utstyrt med historier som forklarer både namnet og ølet. Dei typane dei har per 2018 er:

  • Sveikadden (ungkaren), gardsøl, 4,7 & og 7,0 %.
  • Gamlegofa (oldefar), vinterøl, 6,5 %.
  • Jolebassen (jolebukk), joleøl, 4,7 %.
  • Møykjeddingi (peparmøya), NEIPA, 6,3 % (berre på fat).

Bryggeriet distribuerer ølet sjølv i Agder, Rogaland og Oslo-området, men samarbeidar også med Gulating om distribusjon til resten av landet.

Kjelder

Sjå også

Eksterne lenker