Bygland Bryggeri
Bygland Bryggeri er eit nomadebryggeri etablert i 2017 som lagar norsk tradisjonsøl med ingrediensar som einerkvistar og kveik (norsk gardsgjær). Bryggeriet har forretningsadresse på Austad i Bygland.
Bryggerinamnet har dobbel tyding: Bygland kommune i Setesdal (der styreleiar og ølbrygger Torkjel Austad har røter) – og det gamle namnet Bygland (som opphavleg kjem av bygg-land).
Bygland Bryggeri debuterte med ølet «Sveikadden», som kom i sal i februar 2018. To nye sterkøl, «Sveikadden sterk» og «Møykjeddingi» vil vere å få på ulike festivalar i Setesdal på sommaren.