Marit Moi

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. august 2012 kl. 13:04 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Hjelpearbeid)
Hopp til navigering Hopp til søk
Marit Moi

Marit Moi (fødd 1984) er sjukepleiar frå Moisund. Ho tok utdanninga si i Bergen og ville deretter studere internasjonalt helsearbeid. Dermed vart det mastergradsstudie i Sverige. Der kom ho i kontakt med ein familie frå Canada som oppmoda henne til å søke om å få bli med på eit prosjekt for å byggje opp sjukepleiarutdanninga i Benghasi, den nest største byen i Libya. Frå 1. september 2012 er ho på plass der, i første omgang for eitt år.

Etter at mastergradstudiet var ferdig, jobba ho på avgiftingsavdelinga ved Ullevål sjukehus i Oslo. I praksistida under sjukepleiarstudiet jobba ho på ein sjukeheim i Bergen. Det førte til at ho skreiv artikkelen i bladet Sykepleien «Hvor ufin kan en sykepleier være?», ein artikkel som fekk oppslag også andre stader.

Marit Moi har alt medan ho studerte vore interessert i hjelpearbeid. Ho har vore i Mongolia, India, Kamerun og Madagaskar for å sjå og vere med i hjelpearbeid.

Kjelder

Eksterne lenker