Hopp til innhald

Berg Hageservice

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. mai 2018 kl. 20:13 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Berg Hageservice)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Berg Hageserviceer eit firma på Evje som tilbyr plenklypping, pleie av hage & hekk, opprydding/bortkøyring/graving, tilkøyring av masser og brøyting/snømåking/måking av hyttetak med meir. Innehavar er Joachim Berg (født 2001). Han starta verksemda i 2016. Han måtte då ha særskilt løyve frå Fylkesmannen til å starte enkeltmannsføretak på grunn av sin unge alder.

Joachim er med i gründerprosjektet Setesdal Gründer- og Samfunnsutvikling i regi av Setesdal Regionråd. Berg Hageservice har fast avtale med Evje og Hornnes kommune om klypping av grasplenane på kyrkjegardane. Firmaet omsette for eit par hundre tusen kroner i 2017. Det er tre deltidstilsette i verksemda, ved sida av Joachim sjølv.

Kjelder