Hopp til innhald

Setesdal gründer og samfunnsutvikling

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. januar 2018 kl. 16:06 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Setesdal grunder og samfunnsutvikling (prosjekt))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Setesdal gründer og samfunnsutvikling (SGoS) er eit ungdomsprosjekt i regi av Setesdal Regionråd. Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Aust-Agder fylkeskommune støtter også prosjektet økonomisk. Det blei starta opp i kjølvatnet av Arendalsuka i 2016. Målet er å gjere Setesdal til ein endå meir atraktiv stad å vere for fastbuande og tilreisande.

Det er sett høge mål for prosjektet:

  • 10 nye arbeidsplassar i løpet av prosjektperioden
  • 10 innflyttarar til dalen
  • felles ungdomsråd for Setesdal skal etablerast
  • det skal leggast til rette for entreprenørskap i skulane

SGoS er delt inn i ulike arbeidsgrupper, som «business», «ungdomsråd», «festival» og «landliv». Ei styringsgruppe fører tilsyn med den samla verksemda.

Kjelder