Håverstad kraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. november 2017 kl. 09:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Presisert en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Inngongen til kraftstasjonen på Håverstad.

Håverstad kraftverk er eit vannkraftverk i Mandalselva ved Håverstad sør i Åseral. Kraftverket utnyttar eit fall på 82 meter frå Ørevatn til stasjonen. Samla effekt er 44-47 MW, og midlare årsproduksjon er på 245-282GWh. Produksjonen starta i 1957. Vatnet blir ført i ein fire kilometer lang tunnel frå inntaket til kraftstasjonen, som ligg 300 meter inne i fjellet.

Kraftverket er eigd av Agder Energi.

Kjelder

Eksterne lenker