Setesdal og setesdølar. Poesi og prosa gjennom tusen år

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. november 2017 kl. 12:07 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Setesdal og setesdølar. Poesi og prosa gjennom tusen år (bok))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Setesdal og setesdølar. Poesi og prosa gjennom tusen år er ein antologi med utvalde tekstar frå og om Setesdal. Alt av litteratur er ikkje produsert av setsdølar, men alt fortel noko om historien til Setesdal og lynnet til setesdølane. Redaktør for boka er Tarjei Haugen. Ho kom ut på Kilden Forlag i Arendal i 1993. ISBN 82-7627-009-3.

Forfattaren sitt utgangspunkt var å lage ein antologi for skulane i Setesdal. Men han såg etter kvart at det måtte bli noko meir enn ei tradisjonell lesebok. Det blei difor, i følge forfattaren sjølv, til ein antolgi som sikta seg inn på heile skulesystemet i Agderregionen, og som sikkert kunne ha like stor interesse utafor som innafor skulen.

Utgjevinga var støtta av Skuledirektøren i Aust-Agder, Valle kommune, Bykle kommune, Bygland kommune, Evje og Hornnes kommune og Kulturetaten i Aust-Agder fylkeskommune.

Innhald