Axel Ender

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. juni 2012 kl. 18:13 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Bilder)
Hopp til navigering Hopp til søk
Foto: Alexander Ottesen

Axel Hjalmar Ender (født 14. september 1853 på Dikemark i Asker, død 1920 i Kristiania) var ein norsk kunstmaler og bilethoggar som fekk studiane sine finansiert av kongen, Karl IV (svensk: Carl XV). Han studerte ved Tegneskolen i Kristiania (1867–71) og kunstakademia i Stockholm (1872–74) og i München (1875–80). Hans viktigaste verk er statuen av Tordenskjold på Rådhusplassen i Oslo. Han malte motiv frå kvardagslivet og laga altertavler til mange kyrkjer.

På utstillinga Setesdal sett med kunstnaraugeSetesdalsmuseet er det eitt bilete av han. Det er ein reproduksjon av to jenter og ein gut i ei årestoge, storleiken på biletet er 28 x 34,5 cm.

Eksterne lenker

Galleri

Nokre bilete av Axel Ender, ingen av desse er på Setesdalsmuseets sommarutstilling 2012: