Nissedal
Nissedal er ein kommune i Telemark, i regionen Øvre Telemark. Kommunen grensar i nord til Kviteseid, i aust til Drangedal og Gjerstad, i sør til Vegårshei og Åmli, og i vest til Fyresdal. Kommunen omkransar innsjøen Nisser. Treungen er administrasjonssenteret i kommunen, og har ca. 500 innbyggjarar. Grenda Felle har om lag 100 innbyggjarar.