Urdi (Bygland gnr. 27 bnr. 1)
Urdi er eit gardsbruk (gnr. 27 bnr. 1) i garden Nedstoga i Åraksbø i Bygland. Husa ligg rett på sørsida av Bryggevegen, på nedsida av bygdevegen gjennom Åraksbø. Heimelshavar til eigedomen (2017) er Berit Susanne Nordstrand (f. Nordgarden, 1974).
Fornminne
På gardsbruket sin grunn ligg ein stor gravhaug, kalla «Tussehaug». Han ligg inne i eit gravfelt med fleire haugar, men skil seg ut på grunn av storleiken.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 138 og side 157-187
- Grunnboka på nettsida til Statens Kartverk
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.