Joker Valle

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. august 2017 kl. 10:39 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kort om utbyggingsplaner 2017/2018)
Hopp til navigering Hopp til søk

Joker Valle er ein daglegvarebutikk i Valle sentrum. Innehavar er Kent Even Andersen. I april 2016 vart forretninga kåra til den beste Joker-butikken i region sør-aust i Joker-kjeda.

Andersen overtok butikken i 2011. I 2015 hadde forretninga ei omsetning på vel 15 millionar kroner, og om lag fire årsverk.

I august 2017 blei det kjent planar om å bygge om og utvide butikken for 6-7 millionar kroner. Innehavar Kent Even Andersen hadde som mål å få den «nye» butikken klar i løpet av 2018.

Kjelder