Knut Gjerden
| Knut Gjerden | ||
|---|---|---|
| Født: | 30. mai 1923 | |
| Død: | 24. juli 2006 (83 år) | |
Knut Gjerden (fødd 30. mai 1923, død 24. juli 2006) budde på Akkerhaugen i Sauherad. Han var frå Bykle og vaks opp på Nordstog (Bykle gnr 15/2). Han tok lærarutdanning i 1949 og sidan vidareutdanning i handarbeid og norsk. Dei første åra var han lærar i Bykle, men rundt 1970 fekk han lærarstilling på Akkerhaugen og sidan budde han der saman med kona Gro Nomeland Gjerden. Dei fekk borna Pål Gjerden og Tarald Gjerden. I alle år hadde dei god kontakt med Bykle, der dei også sette seg opp hus på eigedomen Asparås i Nedre Sarv bustadfelt.
Ei sterk lokalhistorisk interesse førte til at Knut Gjerden skreiv ei rekke bøker.
Knut Gjerden vart gravlagd på Sauherad kyrkjegard 28. juli 2006.