Olav Knutson Haugen
| Olav Knutson Haugen | ||
|---|---|---|
| Født: | 2. november 1931 | |
| Død: | 4. juni 2004 (72 år) | |
Olav Knutson Haugen (fødd 2. november 1931, død 4. juni 2004) budde på Valhalla omsorgsenter i Kristiansand den siste tida etter at helsa hadde skranta dei siste åra før han døydde.
Han var fødd på Haugen i Hylestad, men familien flytta til Haugen (bnr. 18, Austad) då han var eitt år gamal, så han vaks opp der. Sidan fann han seg arbeid i Kristiansand og vart verande der. Han arbeidde ved Falconbridge og var sjåfør på Samvirkebakeriet. Deretter dreiv han og kona Gyro Haugen, fødd Kyrvestad, butikk i Vågsbygd i fleire år. Dei siste åra før han vart pensjonist, var han vaktmeister hos K-bank.
Ved sida av familie og arbeid var Olav Knutson Haugen interessert i hestar og travløp og han var glad i å vere med i hestemiljøet på Hortemo og seinare på Sørlandets Travpark. I tillegg var han levande oppteken av historie og gamle dagar. Det førte til at han engasjerte seg sterkt i innsamlingsarbeidet til Bygland Gard og Ætt. Han reiste rundt til folk, både med spørjelister i oppstartingsfasen og seinare med innsamling av bilder.
Kjelder
- Andres Helle: Olav Knutson Haugen til minne. Minneord i Setesdølen nr. 45, 2004 side 2