Evjeheimen
Evjeheimen er alders- og sjukeheimen på Evje. Han vart opna i 1978, den første pasienten flytta inn 1. mai 1978. Bebuarane har mange aktivitetar dei kan vere med på: Sangkor, dans, film, internett, bingo. Frivillighetssentralen på Evje tek bebuarane med på tur kvar veke. Kåre Tjessem hadde ansvaret for bygginga av Evjeheimen.
Kjelde
- Bjørn Bakken: Liv Skomedal har budd der sidan opninga. Artikkel i Setesdølen nr. 45, 2008 side 4