Gorrlaus

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. mai 2012 kl. 12:12 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Gorrlaus)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gorrlaus er ein måte å stemme hardingfele på. Strengene vert stemde i f-c'-a'-e. Den er brukt i norsk folkemusikk og gjev ein mørkare klang. Ordet kjem av gorr, som betyr «særeigen» eller «ekstra mykje» og laus, som kjem av at G-strengen vert stemd ned (vert laus), noko som gjev ein særeigen klang.

Denne måten å stemme hardingfela på vert brukt i rammeslåttane, som ein reknar for å vere svært gamle slåttar, namnet rammeslått er til og med brukt i islendingesagaene. I desse slåttane vert G-strengen ein bordun som kling med heile tida under melodispelet.

Slåttar

Eksterne lenker