Olavsrosa

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. juli 2017 kl. 14:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til Sølvgarden)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Olavsrosa
Bjoren på veg nordover frå Storestraumen

Olavsrosa er Norsk Kulturarv sitt kvalitetsmerke for opplevingstilbod med basis i den norske kulturarven. Dampskipet Bjoren, Setesdalsbanen og Sølvgarden Hotell og FeriesenterRysstad er dei einaste opplevingstilboda på Agder som har fått Olavsrosa. I Telemark har Dalen Hotel og Kvipt fått denne utmerkinga. Olavsrosa blir tildelt opplevingar av særleg høg standard, med omsyn både til kulturhistorie og formidling. Den symboliserer stor respekt for fortida, men også glede, nytte og spennande opplevingar i dag. Innehavarane av Olavsrosa forpliktar seg til å vere gode ambassadørar for ein levende kulturarv og til å formidle historia til gjestene sine.

Sjølve symbolet Olavsrosa byggjer på valknuten – eit gammalt symbol for vern, som er kjent både frå Norge og utlandet.

Kriterier

Olavsrosa er basert på fleire formelle kriterium, og blir tildelt etter søknad. Det er styret i Norsk Kulturarv som avgjer søknader etter tilråding frå Norsk Kulturarvs Fagråd. Tildeling av Olavsrosa skjer etter ei ei totalvurdering av kvaliteten på produktet. Ved søknad om løyve til å bruke Olavsrosa blir opplevinga publikum får vurdert etter kriterier som legg vekt på:

  • produktet sin kulturhistoriske verdi
  • korleis dei kulturhistoriske verdiane er ivaretekne
  • korleis produktet er tilrettelagt og blir formidla til pubikum

Alle innehavarar av Olavsrosa leverer årlege rapportskjema.

Eksterne lenker