Signe Hovet
| Signe Hovet | ||
|---|---|---|
| Født: | 6. februar 1916 | |
| Død: | 28. mai 2017 (101 år) | |
Signe Hovet (fødd 6. februar 1916, død 28. mai 2017) budde på Valle Bygdeheim den siste tida. Ho har hatt mykje av arbeidslivet sitt i helse- og omsorgssektoren og har mellom anna jobba som sjukepleiar både i USA og Norge. 6. februar 2016 vart 100-årsdagen hennar markert då ordførar Steinar Kyrvestad troppa opp med telegram frå Kongen.
Signe Hovet var ikkje gift. Ho etterlet seg nieser og nevøar og annan familie. Gravferda var frå Hylestad kyrkje fredag 9. juni 2017 klokka 13.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Signe runda 100 og fekk telegram frå Kongen. Artikkel i Setesdølen nr. 12, 2016 side 7
- Dødsannonse i Fædrelandsvennen lørdag 3. juni 2017 side 57