Hovassdalen naturreservat

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. mai 2017 kl. 00:11 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Berørte gardar: lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovassdalen.

Hovassdalen naturreservat er eit freda barskogområde rundt Hovatn i Hovassdalen på heia vest for Dåsvatn i Dåsvannsdalen i Hornnes. Ein mindre del av reservatet ligg over kommunegrensa til Åseral. Reservatet blei freda ved kgl.res. dagsett 9. juli 1993. Det dekker eit areal på ca 11 900 dekar.

Føremålet med fredninga er å ta vare på eit stort barskogområde med ei avgrensning som inkluderer mesteparten av nedslagsfeltet i denne vassrike dalen med myr i den flate dalbotnen. Furuskogen står intakt dels som grove tre i dei etter måten rike dalsidene, og dels som glissen skog på myrer og heier med grunnlendt mark.

Berørte gardar

Gardar i Evje og Hornnes
  • Gnr./bnr 10/1, 10/2, 10/4, 11/5
Gardar i Åseral
  • Gnr./bnr 26/1, 26/3, 26/7, 26/8, 26/11, 26/22

Kjelder

Kart

Laster kart ...