Torhild Austad
Torhild Austad (født 1950 i Bygland) er lærar og spesialpedagog på Bygland oppvekstsenter frå 2002. Før det arbeidde ho i 25 år på Austlandet, det meste av tida i Asker kommune. Torhild Austad bur på Austad og er aktiv i Bygland Mållag.
I 2011 vart ho vald inn i Bygland kommunestyre som representant for Venstre på Fellesliste for Høgre og Venstre i Bygland 2011, der ho stod på andreplass.
Kjelde
- Forfattaromtale i Folkefest fra fjell til fjord Bokbyen forlag 2011 side 243