Morten Søberg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. mai 2012 kl. 10:44 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Morten Søberg - artikkel med utgangspunkt i wikipedias artikkel)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Morten Søberg (fødd 6. april 1969 i Trondheim) er statssekretær i Finansdepartementet frå 2010. Han er samfunnsøkonom med doktorgrad frå Universitetet i Oslo. Etter gymnaset var han journalist i Nei til EU-avisa Standpunkt eit år. Frå 1997 til 2002 var han forskar i Statistisk Sentralbyrå, sidan har han vore knytt til Senterpartiet i ulike oppgåver, først som politisk rådgjevar for stortingsgruppa frå 2003 til 2007, sidan som politisk rådgjevar for Ola Borten Moe før han vart statssekretær.

Han har vore styremedlem i Noregs Mållag og ordførar i Nynorsk kultursentrums råd. Måndag 7. mai 2012 besøkte han Valle Sparebank «for å læra meir om historia til sparebankane, samfunnsansvar og gåveutdeling til ålmennyttige føremål». Han var og i Valle Radio og gjorde opptak til eit intervju til Valle Radio 9. mai 2012.

Bibliografi

  • Sverdrups ekko 2010 ISBN 9788252176506
  • Senatet som aldri vart 2009 ISBN 9788252173321

Eksterne lenker