Torhild Hornnes
Utsjånad
| Torhild Hornnes | ||
|---|---|---|
| Torhild Hornnes. Foto: Evje og Hornnes Senterparti
| ||
| Født: | 20. mai 1957 (69 år) | |
Torhild Hornnes (fødd 20. mai 1957) er bonde og campingplassvert på Hornnes Camping. I tillegg arbeider ho på Setesdal Miljø og Gjenvinning. Ho er gift med Notto Hornnes, dei har fire barn og driv den einaste frøgarden i Setesdal, der dei produserer havrefrø og timoteifrø. Politisk er ho aktiv i Evje og Hornnes Senterparti, der ho og har vore leiar. Ho stod på 4. plass på SP-lista i Evje og Hornnes 2011 og fekk ein varamannsplass i Evje og Hornnes kommunestyre 2011-2015. Torhild Hornnes er også styremedlem i Setesdal Informasjons og Kompetansesenter.
Kjelder
- Odd Inge Rønning Uleberg: Mellom timoteifrø og badegjester. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt onsdag 7. august 2013 side 28