Hopp til innhald

Anna Stella Karlsdottir

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. januar 2017 kl. 12:33 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Bygland tun)
Anna Stella Karlsdottir
Født: 2. januar 1955 (71 år)

Anna Stella Karlsdottir (fødd 2. januar 1955 i Island) er styrar på Setesdalsmuseet. Ho er utdanna etnolog frå Universitetet i Bergen i 1992 med hovudoppgåva «Fra reiseskildring til turistbrosjyre - en analyse av hvordan utvalgte kulturelementer blir etablert som symboler for en lokal kultur, og hvordan de samme kulturelementene blir brukt i dagens turistbrosjyrer». Støttefaga hennar var folkloristikk og psykologi. Same hausten vart ho tilsett som museumspedagog på det då nybygde Setesdalsmuseet. Ho hadde tidlegare arbeidd som omvisar på Bygland Tun fleire somrar. Då Thor Gunnar Hansen i 1996 gjekk ut i permisjon og sidan slutta som styrar, vart Anna Stella Karlsdottir tilsett som dagleg leiar av museet.

Frå 1. mai 2016 er Anna Stella Karlsdottir også assisterande direktør for Aust-Agder museum og arkiv, med hovudsete i Arendal.

Kjelder

Eksterne lenker