Nidelv International
Nidelv International er ein plastbåtprodusent med hovudkontor på Verksmoen i Evje og båtproduksjon i Kina. Etter ein samarbeidsavtale med Nilsen Båtbyggeri står dette firmaet for service- og vedlikehaldsarbeidet på Nidelv-båtar i Noreg, og også alt sal av nye Nidelv-båtar her i landet. Erik Risdal er styreleiar i selskapet, medan broren Trond Risdal er dagleg leiar. I Kina har verksemda 28 tilsette. Omsetninga i 2015 var rundt 7,5 millionar kroner. Største aksjonærar i selskapet er Kaare Rannekleiv (16,96 %) og Risdal Eiendom (15,46 %).
Hausten 2016 kjøpte Nidelv International fire modellar av Skibsplast sine båtar. Også desse båtane skal produserast i Kina, og seljast som Nidelv-båtar i Asia.
Historie
Nidelv starta med båtproduksjon i 1929. I 2010 blei merkenamnet og formene til Nidelv-båtane seld til Nidelv International ASA. Produksjonen av båtane vart deretter flytta til Kina, til byen Jiangyin i nærleiken av Shanghai. Båtane som leverast til Europa skulle framleis bli ferdigstilte i Noreg.
Kjelder
- Heimesida til Nidelv International
- Om Nidelv International ASA på Proff.no
- Ole Birger Lien, Skibsplast-båtar blir Nidelv-båtar i Asia, artikkel i Setesdølen nr. 100, 2016, side 11