Lordestova

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. november 2016 kl. 09:55 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Selskapslokale)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lordestova er ein serveringsstad og samlingsplass i Kyrkjebygda i Åseral. Mary Ann Vestøl er dagleg leiar og drivar av kafèen. I tillegg til dagleg leiar er det ein fast tilsett og ekstrahjelp innimellom. Aksjeselskapet Lordens Eiendom eig verksemda.

Kafèen er open onsdag til søndag, men stengt mandag og tirsdag. Alle sju dagane i veka kan ein få levert cateringmat etter bestilling. Kafèen er også mykje brukt til selskapslokale.

Opningstider

  • Onsdag og torsdag klokka 14-18
  • Fredag klokka 14-20
  • Lørdag og søndag klokka 12-18

Historie

Verksemda vart i mange år drive under namnet Lordens Kro. Men av ulike grunnar selde Mary Ann Vestøl Lordens Kro rundt 2011. I 2015 blei kaféen opna igjen, nå under namnet Lordestova.

Kjelder