Lordestova
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lordestova 2016.
Foto: Geir Daasvatn
Lordestova var ein serveringsstad og samlingsplass i Kyrkjebygda i Åseral. Mary Ann Vestøl var dagleg leiar og drivar av kafèen. I tillegg til dagleg leiar var det ein fast tilsett og ekstrahjelp innimellom. Aksjeselskapet Lordens Eiendom eigde verksemda. I dag er drifta lagt ned.
Kafèen var open onsdag til søndag, men stengt mandag og tirsdag. Alle sju dagane i veka kunne ein få levert cateringmat etter bestilling. Kafèen var også mykje brukt til selskapslokale.
Opningstider
- Onsdag og torsdag klokka 14-18
- Fredag klokka 14-20
- Lørdag og søndag klokka 12-18
Historie
Verksemda vart i mange år drive under namnet Lordens Kro. Men av ulike grunnar selde Mary Ann Vestøl Lordens Kro rundt 2011. I 2015 blei kaféen opna igjen, nå under namnet Lordestova.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd, Lordestova ein samlingsstad, artikkel i Setesdølen nr. 92, 2016, side 4
- Om Lordens Eiendom AS på Proff.no