Erling Haugaa
| Erling Haugaa | ||
|---|---|---|
| Født: | 2. november 1950 (75 år) | |
Erling Haugaa (født 2. november 1950) er fotograf i Sentrumsbygget på Evje. Han starta som fotograf i Kristiansand i 1971, men flytta sidan verksemda til Evje og busette seg på Skomedal. «I nærare 40 år dreiv han som fotograf med tilhøyrande spesialforretning i Evje sentrum. Tusenvis av soldatar på Evjemoen høyrde til den faste kundekrinsen. Brått forsvann soldatane. Brått kom dei digitale fotograferingsapparata. Erling måtte endre kurs. No sel han bortimot 2 pallar med kattemat og hundefor i månaden. Fotografen lever framleis men han er mindre etterspurd enn tidlegare.» (Moisund.com)