Svenn Kvaale
Svenn Kvaale (fødd 4. mars 1927) er bonde på Kvåle i Bygland kommune, der han har drive mjølkeproduksjon, sauehald og skogsdrift. Han har vore samfunnsengasjert i heimbygda heile livet og vore med i kommunestyret i Bygland i mange periodar som representant for Senterpartiet. I perioden 1991 til 1995 var han varaordførar då Torbjørn Borgi frå Ap var ordførar. Han var leiar i skulestyret då den nye skulen på Byglandsfjord vart bygd. Han var og sterkt engasjert i Ose Kulturverkstad/ Ose Grendehus og Ose Turistheim.
Utanom politikken har han vore engasjert i Bygland mållag, Bondelaget og dei faglege organisasjonane i landbruket.
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: Ein ekte bygdemann på Bygland. Artikkel i Setesdølen nr. 18, 2012 side 7