Ose Water

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. oktober 2016 kl. 14:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ose Water)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ose Water er eit nystarta selskap (AS) som skal produsere og selge drikkevatn på flaske frå Austad i Bygland. Firmaet skal etablere seg på eigedomen der det tidlegare var potetlager. I tillegg til det gamle bygget på ca. 1100 kvm, skal det setjast opp eit tilbygg med om lag same storleik. Vatnet skal pumpast opp frå ei kjelde på Austad direkte i røyr til fabrikken, og derfrå bli tappa, emballert, pakka og køyrd ut via to produksjonsliner. Planlagt produksjonsstart er på seinsommaren 2017. Dei som står bak selskapet reknar med å investere 50-70 millionar kroner i anlegget.

Eigar av firmaet er Bergtor Haugaa og asiatiske partnerar.

= Kjelder