Hopp til innhald

Husevegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. september 2016 kl. 09:34 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Husevegen Bygland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Husevegen er ein skogsbilveg på nord-vestsida av Store Reiårsvatn på heia sør for Ose i Bygland. Han går frå Reiårsvatnvegen i nordenden av vatnet i vestleg retning til støylen Huset og vidare i retning sør til Fisstøyl. I same området ligg også Kvislestøyl. Desse støylane høyrer til Moi.

Det var folk frå Moi og Ose som finansierte og bygde denne vegen tidleg i 1980-åra. Vegen er stengd med bom.

Kjelder