Bernhard Folkestad
| Bernhard Folkestad | ||
|---|---|---|
| ||
| Født: | 1946 (alder 79–80) | |
Bernhard Folkestad (fødd 1946) vaks opp i Vestfold. Han er barnebarn av kunstmålaren Bernhard Folkestad og utdanna seg til lektor og har arbeidd i vidaregåande skule i Finnmark, Nordland og Møre og Romsdal. Han har vore aktiv i frivillig arbeid innan TenSing og sokneråd, samal inn folkemusikk i Hamarøy, drive med visesong og instrumentbygging.
I 1998 var han med då Norsk Munnharpeforum vart stifta. Han vart med i styret for organisasjonen og var med der til 2011. I tillegg vart han redaktør for medlemsbladet Munnharpa. Han spelar sjølv munnharpe på høgt nivå og har ei stor samling av munnharper som han stiller ut på munnharpefestivalane.
17. september 2016 var han instruktør på kurs under Den Norske Munnharpefestivalen 2016 på Bykle Hotell
Heder
- Æresmedlem i Norsk Munnharpeforum frå 2013
