Eivind G. Hillestad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. september 2016 kl. 09:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eivind G. Hillestad
Født: 1934
Død: 21. august 2016 (alder 81–82)

Eivind G. Hillestad (fødd 1934, død 21. august 2016) budde på Hillestad i Tovdal, der han dreiv Hillestad Galleri på odelsgarden. Han var «ein mann med tanke og engasjement for næringsutvikling i indre bygder på Agder», skreiv Sigurd Haugsgjerd i nekrologen i Setesdølen. «Gjennom det meste av sitt vaksne liv var han oppteken av skapande verksemd i innlande. Han var redd for folketalsutvikling i distrika og ville gjerne skape varige arbeidsplassar. I tillegg til arbeidet på odelsgarden på Hillestad, utvikla han difor turisme og anna verksemd som etterkomarane har drive vidare. Han gledde seg over at nye generasjonar tek opp arven og buset seg i heimbygda.»

«Eivind G. Hillestad var med i arbeidsgruppe for å markere Sørlandet i 100 i si tid. Då fekk han ideen om at Setesdølen skulle presentere næringsliv og tilbod i indre bygder i ei temaavis som gjekk i over 100.000 i opplag og vart lagt inn i Agderposten og Fædrelandsvennen. Også det fekk han til, mannen som var både nytenkjande og modig.»

Kjelder