Hopp til innhald

Bykle samfunnshus

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. august 2016 kl. 00:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bykle samfunnshus)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Bykle samfunnshus er eit offentleg allbrukshus i Bykle kyrkjebygd. Huset er eigd av Bykle kommune, under kultur og fritid/teknisk drift og eigedom.

I bygget er stor lokal aktivitet med mange tilbod samla under eitt tak. Huset er ein viktig møtestad for innbyggjarar og besøkande. Dei største brukarane er Bykle barne- og ungdomsskule, Bykle idrettslag, Bykle kulturskule, SFO, Bykle barnehage og andre frivillige lag. Bykle folke- og skulebibliotek held til her. Næringslivet er også ein viktig aktør, i samband med arrangement og selskap når dei treng ekstra plass. I tillegg er det ei stor gruppe privatpersonar som brukar treningsfasilitetar og øvrige tilbod på samfunnshuset.

Kjelder