Joker Valle
Joker Valle er ein daglegvarebutikk i Valle sentrum. Innehavar er Kent Even Andersen. I april 2016 vart forretninga kåra til den beste Joker-butikken i region sør-aust i Joker-kjeda.
Andersen overtok butikken i 2011. I 2015 hadde forretninga ei omsetning på vel 15 millionar kroner, og om lag fire årsverk.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Joker Valle er best av 94 butikkar i regionen, artikkel i Setesdølen nr. 30, 2016, side 5