Engesland
Foto: Geir Daasvatn
Foto: Geir Daasvatn
Engesland er ei bygd i Birkenes kommune i Aust-Agder. Bygda er sentrum i det som var gamle Vegusdal kommune. Ho ligg på vestsida av Ljosevatn, på begge sider av Fylkesveg 405 mellom Vegusdal og Vatnestrøm i Iveland. Her finn ein butikk med tilhøyrande bensinpumpe, grunnskule frå 1.-10. trinn og barnehage. Vegusdal kyrkje ligg også her.
Frå sentrum i Engesland går Fylkesveg 291 vestover mot Frigstad i Iveland, før han svingar sørover til kommunesenteret Birketveit.
Kjelder
- Om Engesland på Wikipedia
- Heimesida til Engesland skule
- Om Engesland barnehage på heimesida til Birkenes kommune