Håverstad kraftverk

Foto: Geir Daasvatn
Håverstad kraftverk er eit vannkraftverk i Mandalselva ved Håverstad sør i Åseral. Kraftverket utnyttar eit fall på 82 meter frå Øre til stasjonen. Samla effekt er 44-47 MW, og midlare årsproduksjon er på 245- 282GWh. Produksjonen starta i 1957. Vatnet blir ført i ein fire kilometer lang tunnel frå inntaket til kraftstasjonen.
Kraftverket er eigd av Agder Energi.