Langevei (Iveland gnr. 39 bnr. 2)
Langevei er ein fråflytta gard (gnr. 39 bnr. 2) høgt oppe på heia i det nord-vestre hjørnet av Iveland. I sør-aust ligg Vardeheia (485 moh.). Ca ein kilometer mot nord-aust ligg Landås. Nord for garden renn Landåsåna, som danner gardsgrensa mot Landås. Ein kjem til Langevei ved å følge Landåsveien ca ein kilometer, og deretter ein gardsveg 800 meter sørover til husa på garden.
Langevei er ein av fire gardar i Iveland som ikkje har eige gardsnummer i matrikkelen.
Historie
Garden er truleg skild frå Landås og rydda i 1630- eller 1640-åra. Første bonden og sjølve rudkallen på Langevei var Laurits Berntsen Langevei. Hans etterkomarar blei sitjande på garden heilt ned til vår tid (1950-talet).
Kjelder
- Aslak Fjermedal, Iveland I - Gards- og ættesoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1955, side 641 flg.