Brokke Skianlegg
Brokke Skianlegg er eit kommunalt selskap som eig skitrekk, varmestove og nistebu som vert leigd av Brokke Alpinsenter. Kommunen har investert rundt 30 millionar kroner i anlegget. Deler av dette er utbyggingsavtalar der kommunen skal få pengar tilbake når hytter vert selde. Slik kunne anlegget få bygge ut infrastrukturen. Stolheisen kosta 15 millionar og vart ferdig til sesongen vinteren 2012. Hausten 2012 fekk Brokke Skianlegg økonomiske problem då leigetakaren ikkje kunne betale leige. Valle kommune gjekk då inn med eit lån på 790.000 kroner for å løyse likviditetskrisa.
I 2015 tapte Brokke Skianlegg ein rettsak mot Skatt Sør om skuldig moms på fleire millionar kroner. Kort etter vart selskapet slege konkurs. Største kreditor var Brokke Alpinsenter, med 6-7 millionar kroner i pant.
Kjelder
- Kjetil Reite: Skisenter treng kommunal hjelp. Artikkel i Fædrelandsvennen 15. august 2012 side 11
- Kommunen bergar skisenteret. Artikkel i Fædrelandsvennen 16. august 2012
- Brokke Skianlegg AS konkurs, stykke i Setesdølen nr. 80, 2015, side 4