Ånund K. Homme

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. januar 2010 kl. 23:15 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (artikkel nr. 150)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ånund K. Homme (fødd 28. januar 1930) var lærar fleire stader i landet før han kom heim til Valle kommune og vart kulturkonsulent.

Biografi

Etter folkeskule og framhaldskule i heimbygda drog Ånund K. til Arendal for å gå på handelsskule. Den var han ferdig med i 1949, og i 1953 starta han på Hornnes landsgymnas. I 1959 starta han på Oslo offentlege lærarskule, der han var ferdig i 1961, same året som han gifta seg med Nella Nerem Homme frå Herøy kommune på Sunnmøre.

Etter å ha vore lærar på Toten folkehøgskule, var han lærar i Herøy på Sunnmøre i mange år. Han var på fleire skular der, han var og ungdomsleiar og aktiv i lokalradioen dei hadde.

I 1987 kom han til Valle kommune som kulturkonsulent, ei stilling han hadde i 10 år. I den tida vart Valle kåra til Årets kulturkommune i Aust-Agder, og i finalen kom kommunen på andreplass. Ånund K. var og primus motor for litteraturseminara i Valle.

Etter 10 år som kulturkonsulent vart han pensjonist i 1997.

Aktiv pensjonisttid

Som pensjonist skipa han Setesdalsforlaget, eit forlag som gjev ut bøker i samarbeid med forfattarar. Over 150 titlar har det blitt. Han var i ein lang periode engasjert i Valle pensjonistforening, og han har vore aktiv i Agder Litteraturlag.

Kjelder

  • Ole Birger Lien: Eg vil stupe med skoa på Artikkel i Setesdølen 26. januar 2010 side 6

Eksterne lenker