Shirley Jean Lund Gotts
| Shirley Jean Lund Gotts | ||
|---|---|---|
| Født: | 2. april 1934 | |
| Død: | 13. februar 2014 (79 år) | |
Shirley Jean Lund Gotts (fødd 2. april 1934 i Spokane, død 13. februar 2014 i Clarksville, Indiana) var einaste barnet til Karl Johan Sverdrup Lund. Ho vaks opp og fullførte George Rogers High School i Spokane i 1952. Deretter studerte ho på Kinman Business University i Spokane. Bachelorgraden i økonomi hadde ho frå West Virginia State University.
Ho arbeidde som administrator for Pontiac-Cadillac i Spokane i seks år. Seinare arbeidde ho med data i Multiple Listing Services i Huntington, West Virginia og til slutt i 15 år med studentfinansiering på Hanover College i Hanover, Indiana.
Familie
10. september 1955 gifta ho seg med Edvard Earl Gotts i Spokane. Dei fekk tre søner og ei dotter, Gregory Gotts, Gary Graham Gotts, Grant Gotts og Kimberly Gotts Benfield. Grant døydde bare eit par månader gammal.