Hallvard T. Bjørgum
| Hallvard T. Bjørgum | ||
|---|---|---|
| Født: | 16. februar 1956 (70 år) | |
Hallvard T. Bjørgum (fødd 16. februar 1956) er folkemusikar og sølvsmed frå Valle. Han er rekna som ein av dei beste hardingfelespelarane i Noreg.
Hallvard Bjørgum har vunne Landskappleiken i 1982 og 1988 og Spellemannprisen i kategorien for folkemusikk tre gonger. Han har medverka på fleire andre plater som har vunne Spellemannprisen. Han er statsstipendiat frå 1991. I 2014 vart han slegen til Ridder av St. Olavs orden.