Utmarkskommunenes sammenslutning
Utmarkskommunenes sammenslutning (stifta 4. mars 1996) har nærare 100 kommunar og fylkeskommunar som medlemmer. Hovudoppgåva er å tale medlemskommunane sine interesser i utmarksspørsmål.
Organisasjonen er oppteken av spørsmål om bruk og vern av store verneområder og utmarksområder, forvaltningsplaner, rovviltproblematikk og motorferdsel i utmark. Den er eit talerøyr overfor sentrale myndigheter og media og skal arbeide for å fremje medlemskommunane sine interesser i utmarksspørsmål.
USS skal også søke å styrke det lokale sjølvstyret i saker om forvalting av utmark og betre samspillet mellom omsynet til natur- og miljøvern og lokal næringsutvikling.
Bykle, Valle og Bygland er medlemmer i USS. Andre kommunar i Aust-Agder er Åmli. I Vest-Agder er Åseral og Sirdal med saman med Hægebostad og Kvinesdal. I Rogaland er Suldal, Hjelmeland og Forsdand med. I Telemark er Fyresdal, Hjartdal, Tinn, Tokke, Vinje med i organisasjonen.
Steinar Kyrvestad var ordførar i USS då han var ordførar i Valle, frå 2014 er Leiv Rygg landsstyremedlem der.
Kjelder
- Samtale med Leiv Rygg i Valle Radio 21. april 2015