Ingebjørg T. Bjørnarå
Ingebjørg T. Bjørnarå (fødd 13. april 1927, død 10. april 2015) budde på Bykle alders- og sjukeheim den siste tida. Ho var enke etter Hallvard O. Bjørnarå og etterlet seg barna Gerd Kvinlog og Tallak Bjørnarå, svigerbarn, barnebarn, oldebarn og annan familie. Gravferda var frå Bykle kyrkje torsdag 16. april 2015 klokka 14. Like kjært som kransar og blomar var ei gåve til misjonen. Alle var velkomne til ei minnestund på Bykle Hotell etterpå.
Ingebjørg var eldste dotter til Tallak Hoslemo og overtok heimegarden i 1965. Ho hadde gifta seg med Hallvard O. Bjørnarå i 1951. Då hadde ho vore lærar på Fjellgardane skule 1948-1950, ho hadde telefonen, og då den vart flytt til Mosdøl, flytta ho med. Sidan arbeidde ho som kokke for I/S Øvre Otra, og etter dette var ho barnehageassistent inntil ho gjekk av med pensjon.
Men ho er nok mest kjent for det frivillige arbeidet ho la ned. Ho hadde ansvar for misjonsforening og møteverksemd og la ned eit stort arbeid i den årlege basaren i Berdalsbru bedehus, sommerstemna ved Hemla og jolemessa på Rysstad. Ho var og aktiv i Bykle pensjonistforening og ho representerte Bykle KrF i Bykle kommunestyre.
Dei siste åra sleit ho med sjukdom og frå 2013 budde og mannen i aldersleilighet i Bykle kyrkjebygd.
Kjelder
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 32, 2015 side 2
- Sigurd Haugsgjerd: Ingebjørg T. Bjørnarå i Bykle er død. Minneord i Setesdølen nr. 32, 2015 side 2
- Omtale av Bykle gnr 4/3 i bygdesoga Heimar og folk i Bykle